Kjersti Janne

Eg har ikkje sett Kjersti Janne på mange år. Men eg hugsar ho godt. Utroleg hyggeleg jenta, positiv. Me brukte å springa på friidrettsbanen begge to. Ho var to år yngre. Ho var ganske tynn. Det kjem for meg eit minne då ho hoppa høgde på grusbanen og slo eine kneet opp i tennene der ho då hadde regulerering. Heiter det fortsatt regulering? Eg veit ikkje.

Eg har ikkje sett Kjersti Janne på mange år. Men eg hugsar ho godt. Eg var på gamle tomter for ikkje lenge sidan, kjøyrde forbi huset der ho bodde. Det er kanskje difor eg kom på ho no. Eg søkjer ho opp på nettet. Ho bur austpå, og har fådd eit etternamn lagd til sitt eige. Ho er nok gift. Eg lurer på om ho har barn. Eg ser for meg at ho har barn. I følgje nettet har ho kjøpt og seld einebustad i lag med ein mann med same etternamn. Ho jobbar i ein stor oljebedrift og tener godt. Det er alt eg veit om henne. Eg har ikkje sett Kjersti Janne på mange år. Meg eg hugsar ho godt. Lurer på om ho har eit lite arr på kneet.